left lapel  
bow tie


Dagens Dikt

Et daglig dikt til glede.


lørdag, november 15, 2003
 
GOD MANDAG MORGEN !

I mostsetning til den resignerte livsoppfatningen
i Dorothy Parker's diktØ Veteranen, på lørdag
sender jeg i dag dette positive og livsbejaende diktet
av Aasmund Olavsson Vinje.


FADEREN TIL DEN HEIMANFARANDE SONEN.

So må du då, min beste gut,
frå oss i verdi draga ut!
Å ja, når fuglen fjør fær på,
han prløva må
med eigne venger sjølv å slå.

For trongt du veit her heime er,
so rom for deg du ikkje fær.
Um eg var rik, du skulde ut
forutan sut
og livet sjå, min snille gut.

Den mann som alltid heime låg
og ikkje livsens lagnad såg.
han aldri såg det beste, han,
men vart ein mann
som dømde ilt um folk og land.

Den beste venen tidt eg vann
blant folk eg langt frå heimen fann.
Han stemnde sud, eg stemnde nord
på livsens fjord:
og varmt me helsa utum bord.

Me lykkja søkte båe tvo
og med kverandre gret og lo.
For same strid me kjende då
i barmen slå
det same hjarta til og frå.

So vondt er ikkje livsens spil,
som mange folk det gjera vil.
Kver strevar, stakkar, det han kan,
og syndar han,
i villa gjeng den arme mann.

Ja, livet er av Herren gjort:
det elskar godt og ærar stort.
Kvarhelst det fann den store mann,
dess hjarta brann.
Han sonen vart i huset han.

For folket alltid liksom fann
sitt eige liv i slik ein mann.
Som sol i brenneglaset skein,
han samlar rein
den eld som brenn i kver og ein.

Vel stundom fyrst han måtte døy
frå ven og kjenning, ætt og møy.
Men når han var til jordi fest,
då steig han mest.
Og mannsens minne det er best.

Gråt derfor ikkje, kjære mor!
Du guten ser er sterk og stor.
Og derfor fram han koma vil,
når han er gild,
for livet høyrer slike til.

Og vert det berre tufs og tull,
so er det gutens eigi skuld.
Og ikkje vilde eg og du
det soleis snu
at dårleg mann vann folkets tru.

For rett du veit skal vera rett,
um svipa åt oss sjølv vert flett.
Foreldres skuld – den ting er sann –
det vera kan
um sonen vert ein vesalmann.

Lat guten draga no sin veg!
Han lenge no er kyst av deg.
Av andre no han kyss skal få,
og fulla må
me gamle dette glade sjå.

Du burde vera stolt, mi mor,
for slik ein gut frå huset for.
Frå guten min og guten din
kjem gjetord inn
i hytta vår som sumarvind.

Me gode tankar guten gav,
på livsens veg den beste stav.
So mang ein son fekk grunn og gard
av mor og far,
men vit og helsa betre var.

Vel, um me åtte mang ein gut
som denne her å senda ut!
For kver sin plass seg finna vil,
når han er gild,
då livet slike trenger til.

Sjølv vesle gut med rette to
kjem fram. Når han er attåt god.
Det er vel vondt, men lite då
det stender på
for livet elskar fuglar små.

I livet gut! du gjera må
det far din ikkje kunde nå:
For du er ung og meire kan.
Din fader, han
med sine tankar inne brann.

So lever enno lenge eg,
for då er tanken min i deg.
Her er so mykje godt og stort
som vel og fort,
før kvelden kjem, må verta gjort.

For livet ligger som i band
og ventar på sin løysningsmann.
Men aldri, son min, må du tru
at eine du
kan verdi um frå vranga snu.

Kom Gud i hug! Døm syndi mildt!
og tal um nesten sjeldan ilt!
På mindre mann hogg aldri hæl;
bruk tidid vel!
og du vil døy og leva sæl.

Farvel min son! og vel du liv!
Og heim til oss imillom skriv!
Og kanskje so det lagast må
ei gong endå
at me kverandre atter sjå.

Men um det ikkje lagast so,
for det me ikkje gråta no;
men takka for kvert andardrag
me var i lag,
og venta glad ein annan dag.

Den Gud som hjelpte oss her til,
han og framleides hjelpa vil;
men um han handi av oss slær
på framtidsferd,
vår eigi skuld då visst det er.

For sorg og skilnad ingen sterk
kan gråta: slik er veikes verk.
Men alltid hjå den sterke mann
just der eg fann,
at tårer for det fagre rann.

HA EN GOD DAG !




Home | Archives

Powered By Blogger TM
  right lapel